Stians norskblogg
fredag 6. mai 2011
Blogging
No har vi skrive norskblogg i eit heilt skuleår, noko som har vore ein litt interessant måte å sette seg inn i fagstoffet på. Sjølv har eg ikkje noko særleg forhold til bloggar, iallfall ikkje samanlikna med svært mange unge i dag. Eg skriv ikkje andre bloggar utanom norskbloggen, og eg følgjer heller ikkje andre bloggar.
Eg veit ikkje heilt korleis eg skal karakterisere meg sjølv som bloggar, og det er kanskje særleg vanskeleg ettersom norskbloggen er fagrelatert, med heilt konkrete oppgåver vi svarar på. Det vert eigentleg som mange små innleveringar, berre at dei ligg opne på nettet i staden for å verte levert direkte til læraren.
Det vanskelegaste med å blogge er det å klare å ordlegge seg godt, noko som er særs viktig sidan det er ein fagleg blogg som skal vurderast med ein karakter. I mitt tilfelle kan det fort bli litt "internett-språk" når eg skriv på PC, men klarer som regel å plukke opp dette før eg publiserar innlegga.
...Men når eg tenkjer meg om så er det faktisk noko som er endå vanskelegare enn det å ordlegge seg. Nemlig det å oppdatere bloggen på kommando. Sjølv tykkjer eg det er ekstremt vanskeleg å skrive på somme dagar, medan andre dagar går det leikande lett. Sjølvsagt har det òg mykje å seie kva temaet er.
mandag 25. april 2011
Postmodernisme
Postmodernisme er ei nemning for ei rekkje nyorienteringar som oppstod i etterkant av andre verdskrigen. Postmodernismen kan sjåast som ein kontrast opp mot den førre perioden, modernismen. Den modernistiske litteraturen var ofte sterkt inspirert av psykologi, og var oppteken av det subjektive. Postmodernistisk litteratur vart kjenneteikna av ei antipsykologisk haldning og av mangel på subjektivitet. Viktige tema i postmodernismen er til dømes kroppen, eksperiment, vald, bestialitet, mord og mystikk.
Er vi ein del av eit postmodernistisk samfunn i dag? Må mange område vil ein finne at svaret på dette er ja. Eit viktig kjenneteikn ved postmodernismen er at individet kjem i fokus, ikkje fellesskapen. I Noreg i dag vel vi utdanning og jobb alt etter våre interessar - vi vel ikkje ut frå kva som er einaste alternativ for å overleve. I eit postmoderne samfunn vil det vere heilt legitimt å argumentere for at ein vel å studere til dømes kunst, rett og slett berre fordi ein har interesse for det.
Fokuset på det unike, det særeigne, individet, eigne interessar osv. vil òg gjere at eit postmodernistisk samfunn kan verke kaotisk dersom ein ser det opp mot modernismen der alle arbeidar for fellesskapen. Stort sett kan det meste i vårt samfunn seiast å vere postmodernistisk; kunst, politikk, jobb, utdanning osv. Eigentleg kan ein seie at
alle samfunnsprosessar prega av overflod (og då òg det unike, det særeigne osv.) er postmodernistiske.
Diktet "Solaris korrigert" er henta frå diktsamlinga med same namn, skrive av Øyvind Rimbereid i 2004. Diktet har blitt valt ut som eit av dei 25 viktigaste verka i norsk litteratur. Det som er heilt særeigent for dette diktet er det språket som har blitt brukt i diktet. Rimbereid har her laga eit tenkt språk, som er ei slags kaudervelsk blanding av både engelsk, norsk, norrønt og fleire andre. Men sjølv om språket ved første augneblink kan oppfattast som uforståeleg, kjenner ein att dei aller fleste orda, iallfall nok til å få med seg innhaldet.

| Rimbereid fekk kritikarprisen for beste vaksenbok 2004 |
Diktet "Solaris korrigert" er henta frå diktsamlinga med same namn, skrive av Øyvind Rimbereid i 2004. Diktet har blitt valt ut som eit av dei 25 viktigaste verka i norsk litteratur. Det som er heilt særeigent for dette diktet er det språket som har blitt brukt i diktet. Rimbereid har her laga eit tenkt språk, som er ei slags kaudervelsk blanding av både engelsk, norsk, norrønt og fleire andre. Men sjølv om språket ved første augneblink kan oppfattast som uforståeleg, kjenner ein att dei aller fleste orda, iallfall nok til å få med seg innhaldet.
FOR all tiim
onli fara out.
VUL det einsamma
i uss da fersvinna?
NE point ou naa out til,
ne point ou gaa back til.
Dersom ein skal oversette dette utdraget til nynorsk vil det verte omtrent slik:
For alltid
berre reise ut.
VIL det einsame
i oss då forsvinne?
i oss då forsvinne?
INGEN stad å nå ut til,
ingen stad å gå tilbake til.
Som ein ser, er det ikkje særleg vanskeleg å få med seg kva Rimbereid skriv, men ein må kanskje tenkje litt ekstra på delar av diktet. No har eg ikkje lest heile diktet, men ut frå utdraget vil eg seie at det virka interessant, men litt tungvint. I tillegg var ikkje temaet akkurat heilt det eg ville valgt å lese dersom eg skulle lese eit dikt. Eg er nok meir ein "love-fool"...
onsdag 23. mars 2011
Fordjupingsemnet 3
fortellingen om Harry Potter har blitt en slik stor suksess?”
Dette er sjølvsagt vanskeleg å finne eit fasitsvar på, men nokre av dei viktigaste
faktorane eg fann, var til dømes:
- At Harry Potter minnar om andre kjende forteljingar
- Kjærleiken sigrar
- Harry Potter tek opp høgaktuelle samfunnsmessige spørsmål
- Ein kan identifisere seg med karakterane
- Forteljinga går føre seg i ei fortryllande verd
Fordjupingsemnet 2
Då dette innlegget eigentleg skulle skrivast, var eg enno ikkje komen særleg langt. Eg hadde ein veldig treig start, og brukte fleire av norsktimane til å arbeide med oppgåver som hadde kortare tidsfrist, t.d. ei historieframføring.
| Poster for siste filmen som kommer i juli! |
Val av presentasjonsform var eg lenge usikker på, men eg kom fram til at det truleg var lettare å gjere det bra på ei munnleg framføring. I tillegg hadde eg betre karakter skriftleg enn munnleg, og fordjupingsemnet kunne då vere med å dra opp den munnlege karakteren.
mandag 7. mars 2011
Fordjupingsemnet 1
Eg har lest alle bøkene og sett alle filmane, og eg tykkjer det er ein spanande serie. Faktisk har eg lest svært få andre bøker, noko som gjorde Harry Potter til eit godt val.
tirsdag 25. januar 2011
Frå bok til film
Adaptasjon av littærere tekstar til film har vore vanlig i lang tid, og hovudsakleg vært det nytta ein roman som utgangspunkt for eit filmmanus. Det finst nok fleire grunnar til kvifor ein vel å gjere det slik, men to hovudgrunnar skil seg gjerne ut:
Ein kan tene på at boka allereie er kjend, ettersom publikum då har høge forventningar til filmen, og dei fleste vil då sjå filmen dersom dei likte boka. Ein finn fleire kjende døme på dette; Harry Potter av J.K.Rowling, Lord of the Rings av J.R.R Tolkien og til dels Twilight av Stephenie Meyer. Alle desse har til felles at dei har vore store kinosuksessar kvar gong ein ny film i serien har kome ut.
Det vil sjølvsagt òg vere lettare å gjere om ein eksisterande roman i staden for å starte heilt frå blanke ark og måtte lage ein historie frå botnen av. Då vert det mindre arbeid for filmskaparane, og dermed òg mindre pengar brukt! Pengar er nok absolutt den viktigaste faktoren når det kjem til filmskaping.
I november i fjor såg eg Harry Potter og Dødstalismanene - Del 1, som er basert på boka av J.K. Rowling. Heile Harry Potter-serien er ein utruleg bra serie, og eg har sjølv lest alle bøkene, i tillegg til å ha sett alle filmane. Filmane har truleg større underhaldningsverdi, men bøkene inneheld ein del detaljar og små scenar som ein ikkje har med i filmen (med god grunn, sidan filmen då ville vorte for lang). Men den aller største forskjellen er kanskje at når ein les bøkene, skapar ein sin eigen versjon av verda, med eigne bilete av korleis dragar, troll og landskap ser ut. I filmane får ein sjå korleis filmskaparane ser for seg denne verda, og ein får difor ikkje gjennomgå den fantaseringsprosessen som gjer det verd å lese.
I norsktimen såg vi filmen Gymnaslærer Pedersen, ein filmatisert versjon av Dag Solstad si bok Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (les). Filmen handlar om den marxist-leninistiske rørsla som vaks fram på slutten av 1960-talet. Her treff vi den unge lektoren Knut Pedersen, som kjem til Larvik i 1968 for å jobbe på Larvik Gymnas. Etter kvart blir Pedersen fascinert av den marxist-leninistiske rørsla og innleiar eit forhold til Nina Skåtøy, den mest engasjerte marxisten av dei alle.
Gymnaslærer Pedersen har ein slags ironisk undertone som gjer det litt vanskeleg å forstå om filmen er meint som ein hyllest til AKP (m-l), eller om det rett og slett er ei satirisk framstilling av desse tilhengjarane som i filmen oppfører seg som tankelause zombiar, og alltid har Maos vesle raude for handa.
Eg vil ikkje seie at Gymnaslærer Pedersen er ein dårleg film, men eg må innrømme at han ikkje fall i smak for meg personlig. Men eg vil påstå at filmen truleg vil vere meir interessant dersom ein sjølv er politisk interessert, ettersom heile filmen omhandlar politisk engasjement. Einaste negative eg kan påpeike er den noko overdrevne tidsklippinga, og enorme mengdar med innslag frå kinesisk propaganda.
Ein kan tene på at boka allereie er kjend, ettersom publikum då har høge forventningar til filmen, og dei fleste vil då sjå filmen dersom dei likte boka. Ein finn fleire kjende døme på dette; Harry Potter av J.K.Rowling, Lord of the Rings av J.R.R Tolkien og til dels Twilight av Stephenie Meyer. Alle desse har til felles at dei har vore store kinosuksessar kvar gong ein ny film i serien har kome ut.
Det vil sjølvsagt òg vere lettare å gjere om ein eksisterande roman i staden for å starte heilt frå blanke ark og måtte lage ein historie frå botnen av. Då vert det mindre arbeid for filmskaparane, og dermed òg mindre pengar brukt! Pengar er nok absolutt den viktigaste faktoren når det kjem til filmskaping.
I norsktimen såg vi filmen Gymnaslærer Pedersen, ein filmatisert versjon av Dag Solstad si bok Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (les). Filmen handlar om den marxist-leninistiske rørsla som vaks fram på slutten av 1960-talet. Her treff vi den unge lektoren Knut Pedersen, som kjem til Larvik i 1968 for å jobbe på Larvik Gymnas. Etter kvart blir Pedersen fascinert av den marxist-leninistiske rørsla og innleiar eit forhold til Nina Skåtøy, den mest engasjerte marxisten av dei alle.
Gymnaslærer Pedersen har ein slags ironisk undertone som gjer det litt vanskeleg å forstå om filmen er meint som ein hyllest til AKP (m-l), eller om det rett og slett er ei satirisk framstilling av desse tilhengjarane som i filmen oppfører seg som tankelause zombiar, og alltid har Maos vesle raude for handa.
Eg vil ikkje seie at Gymnaslærer Pedersen er ein dårleg film, men eg må innrømme at han ikkje fall i smak for meg personlig. Men eg vil påstå at filmen truleg vil vere meir interessant dersom ein sjølv er politisk interessert, ettersom heile filmen omhandlar politisk engasjement. Einaste negative eg kan påpeike er den noko overdrevne tidsklippinga, og enorme mengdar med innslag frå kinesisk propaganda.
mandag 17. januar 2011
Språknormering
Då er det tid for eit nytt halvår, og dette halvåret skal alle blogginnlegg skrivast på sidemålet. Som du ser, er sidemålet mitt nynorsk – men det har det ikkje alltid vore!
Eg las og skreiv nynorsk som hovudmål heilt frå fyrste til tiande klasse, men då eg byrja på Bildøy VGS, valde eg å byte til bokmål. Men det å byte hovudmål var eigentleg ikkje planlagt! Eg var eigentleg sett opp med Nynorsk som hovudmål, men då eg skulle kjøpe bøker, var det vanskeleg å finne desse på nynorsk. Då kom eg fram til at det lettaste ville vere å byte til bokmål.
I utgangspunktet har eg heilt klart vore ein ekte "sotrastril", men dette har endra seg ein del gjennom åra. Den sista tida har eg lagt dialekten min nærare og nærare "bergensk", og har faktisk fått eit par kommentarar for dette. Men eg vil tørre å påstå at dialekten min fortsatt ligg klårt nærare nynorsk enn bokmål. Nokre døme er:
- Bokmål: ikke Nynorsk: ikkje Dialekt: ikkje
- Bokmål: jeg Nynorsk: eg Dialekt: eg
I tillegg har eg -a ending på verb i infinitiv (noko ein finn som ei valfri form på nynorsk).

Abonner på:
Kommentarer (Atom)